-
Hebrews 4
- 1 Lat oss difor taka oss i vare for at nokon av dykk skal synast å verta standande etter, då ein lovnad um å koma inn til hans kvila endå stend att.
- 2 For fagnadbodet er og forkynt oss liksom hine; men deim gagna ikkje det ordet som dei høyrde, av di det ikkje ved trui var sameina med deim som høyrde det.
- 3 For me som er komne til trui, me gjeng inn til kvila etter det som han hev sagt: «So eg svor i min vreide: «Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila,»» endå gjerningarne var fullførde alt sidan verdi var grunnlagd.
- 4 For han hev ein stad sagt so um den sjuande dagen: «Og Gud kvilde den sjuande dagen frå alle sine gjerningar.»
- 5 Og atter på denne staden: «Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila.»
- 6 Då det soleis stend att, at nokre skal koma inn til henne, og dei som fyrst fekk fagnadbodet, ikkje kom inn for vantru skuld,
- 7 so set han atter ein dag: «i dag,» med di han segjer ved David etter so lang tid, som sagt er: «I dag, um de høyrer hans røyst, so forherd ikkje dykkar hjarto!»
- 8 For dersom Josva hadde ført deim til kvila, so hadde han ikkje tala um ein annan dag deretter.
- 9 So stend det då att ei kviledagshelg for Guds folk.
- 10 For den som er komen inn til hans kvila, han hev og fenge kvila frå sine gjerningar liksom Gud frå sine.
- 11 Lat oss difor leggja vinn på å koma inn til den kvila, so ikkje nokon skal falla etter det same fyredøme på vantru.
- 12 For Guds ord er livande og kraftigt og kvassare enn noko tvieggja sverd, og trengjer seg igjenom til dess det kløyver sjæl og ånd, ledmot og merg, og dømer hjartans tankar og råder,
- 13 og ingen skapning er løynd for hans åsyn, men alt er nake og bert for hans augo som me hev å gjera med.
- 14 Sidan me då hev ein stor øvsteprest, som hev gjenge gjenom himlarne, Jesus, Guds Son, so lat oss halda fast på vedkjenningi!
- 15 For me hev ikkje ein øvsteprest som ikkje kann hava medynk med vår vesaldom, men ein som er røynd i alle ting i likning med oss, då utan synd.
- 16 Lat oss difor med frimod ganga fram for nådens kongsstol, so me kann få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid!
-
-
World English Bible (web)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)

Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.