-
Isaiah 23
- 1 Framsegn um Tyrus. Jamra dykk, de Tarsis-skip! For de er lagt i øyde, utan hus og utan heimkoma. Frå Kittims land fær dei fretnad um det.
- 2 Sit tagalle, de som bur på havstrandi! Kjøpmenner frå Sidon, sjøfarande menner, fyllte deg;
- 3 av sædet i Sihor og kornet ved Nilen gjorde du deg vinning, med di du for yver store vatn og dreiv handel millom folki.
- 4 Men statt no der med skam, du Sidon; for so segjer havet, havborgi: «Eg hev ikkje vore barnsjuk og hev ikkje født born, ikkje ale unge menner eller fostra ungmøyar.»
- 5 Når dei fær høyra dette i Egyptarland, so bivrar dei ved fretnaden um Tyrus.
- 6 Far yver til Tarsis og jamra dykk, de som bur på havstrandi.
- 7 Er dette dykkar glade by, som rekna upphavet sitt frå eldegamle dagar, og som av føterne sine vert boren til land langt burte til å vera gjest der?
- 8 Kven hev tenkt ut dette mot Tyrus, mot henne som deilte ut kongekrunor - der som kjøpmennerne var fyrstar og kræmarane høyrde med til stormennerne på jordi?
- 9 Herren, allhers drott, er den som hev tenkt det ut, han vilde vanhelga all skrøytande herlegdomen og vanæra alle desse stormennerne.
- 10 Flød yver landet ditt, liksom Nilelvi, du dotter Tarsis! Du hev ingi demming meir.
- 11 Han rette ut handi si yver havet, han fekk kongeriki til å skjelva. Herren baud at borgerne i Kana’ans-landet skulde øydeleggjast.
- 12 Han sagde: «Du skal ikkje meir få gama deg, du valdtekne møy, dotter Sidon. Tak ut og far yver til Kittim, ikkje heller der skal du finna kvild.
- 13 Sjå landet åt kaldæarane, eit folk som ikkje var til, Assur gjorde grenderne deira til bustad for villdyri. Dei reiser no upp hertårni sine, dei riv ned slotti i byen og gjer honom til ein grushaug.
- 14 Jamra dykk, de Tarsis-skip, for borgi dykkar er lagd i øyde.»
- 15 På den dagen skal Tyrus gløymast i sytti år, ein kongealder; men når sytti år er lidne, skal det ganga med Tyrus som det heiter i visa um skjøkja:
- 16 «Tak din cither og gakk umkring i byen, du gløymde skjøkja! Spel fagert, og syng trottugt, so dei kann koma deg i hug!»
- 17 Når dei sytti åri er lidne, skal Herren gjesta Tyrus, og ho skal atter få fara til å taka imot skjøkjeløn og driva utukt med alle kongeriki på den vide jord.
- 18 Men handelsvinsten hennar og skjøkjeløni skal verta helga åt Herren. Det skal ikkje leggjast upp eller gøymast, men dei som bur for Herrens åsyn, skal av denne vinsten hava rikeleg føda og prydelege klæde.
-
-
World English Bible (web)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)

Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.