-
Amos 2
- 1 So segjer Herren: For trifald misgjerd av Moab, for firfald eg ikkje meg attrar. For di dei brende beini åt Edom-kongen til kalk,
- 2 so sender eg eld imot Moab, han skal øyda Kerijots borgar. Og i ståket Moab skal døy, med hergny og luraljod skrell.
- 3 Domaren deira eg tynar, alle hovdingarn’ likeins eg drep, segjer Herren.
- 4 So segjer Herren: For trifald misgjerd av Juda, for firfald eg ikkje meg attrar. Då dei vanvyrde Herrens lov og heldt ikkje bodordi hans, men let seg av lygn-gudar dåra, som federne fyrr hadde fylgt,
- 5 so sender eg eld imot Juda, han skal øyda Jerusalems borger.
- 6 So segjer Herren: For trifald misgjerd av Israel og for firfald eg ikkje meg attrar. For sylv dei sel ein skuldlaus og ein arming for eit par skor,
- 7 dei som helst ser mold på ein stakkars hovud, og rengjer småfolks rett. Til same gjenta gjeng far og son til vanhelging for mitt heilage namn.
- 8 Og på pantsette klæde ved kvart eit altar dei ligg, og skadebots-vin dei drikk i huset til sin Gud.
- 9 Det var då eg som dreiv amoritarne frå deim, som høge som cedertre var, og sterke som eiker, men eg tynte alda i topp og roti i jord.
- 10 Det var eg som dykk førde frå Egyptarland og dykk leidde i villmarki fram gjenom fyrti år til å vinna Amorit-landet.
- 11 Eg vekte profetar av dykkar søner, naziræarar bland dykkar ungdomar. Er det ’kje so, de Israels-born? Segjer Herren.
- 12 Men de gav naziræaran’ vin, og baud profetarn’ og sagde: «Profetera ikkje!»
- 13 Sjå no skal eg lata det dynja under dykk som under ei full-lest kornvogn.
- 14 Og den rappe kjem ingen stad av, og den sterke fær ’kje bruka si magt, og kjempa skal ’kje berga sitt liv.
- 15 Mannen med bogen er magtlaus, og lett på fot kann ’kje berga seg, og mannen på hest skal ’kje berga sitt liv.
- 16 Hugdjervaste kjempa ho lyt naken røma på dagen den, segjer Herren.
-
-
World English Bible (web)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)

Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.