-
1 Samuel 16
- 1 Herren sagde til Samuel: «Kor lenge etlar du å syrgja yver Saul? Eg hev då vanda honom, so han skal ikkje vera konge yver Israel. Fyll hornet ditt med olje og gakk av stad! Eg vil senda deg til Isai i Betlehem. Ein av sønerne hans hev eg etla til konge.»
- 2 Samuel sagde: «Kor kann eg ganga dit? Fær Saul fretta det, drep han meg.» Herren svara: «Tak ei kviga med deg, so kann du segja: «Eg er komen og vil ofra til Herren.»
- 3 So skal du beda Isai til offermåltidi, so skal eg lata deg vita det du skal gjera; og du skal salva åt meg den eg segjer.»
- 4 Samuel gjorde som Herren sagde: Då han kom til Betlehem, kom dei øvste i byen skjelvande imot honom og spurde: «Varslar det godt at du kjem?»
- 5 Han svara: «Ja, eg kjem og vil ofra til Herren. Det lyt helga dykk, so det kann vera med meg ved offermåltidi!» Og han helga Isai og sønerne hans og bad deim vera med ved offermåltidi.
- 6 Då dei kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Der stend visst framfor Herren den han salvar.»
- 7 Men Herren sagde til Samuel: «Skoda ikkje på kor han ser ut, kor stor og høg han er på vokster; for honom vil eg ikkje hava. Det munar ikkje det menneskja ser; menneskja ser på utsyni, men Herren ser på hjarta.»
- 8 Då kalla Isai på Abinadab og let honom ganga fram for Samuel. Men han sagde: «Heller ikkje denne hev Herren valt seg ut.»
- 9 Isai let Samma ganga fram. Men han sagde: «Heller ikkje denne hev Herren valt.»
- 10 Isai sju av sønerne ganga fram for Samuel. Men Samuel sagde til Isai: «Herren hev ikkje valt ut nokon av desse.»
- 11 «Er dette alle gutarne dine?» spurde han Isai. Han svara: «Endå er den yngste att. Men han gjæter smalen.» «Send bod etter honom!» sagde Samuel med Isai; «for me vil ikkje setja oss til bords fyrr han kjem hit.»
- 12 Då sende han bod etter honom. Han var raudleitt, hadde bjarte øugo, og var væn å sjå til. Og Herren sagde: «Ris upp og salva honom; han er det!»
- 13 Då tok Samuel oljehornet og salva honom, so brørne hans såg på. Og Herrens Ande kom yver David frå den dagen og sidan. So stod Samuel upp og drog til Rama.
- 14 Etter Herrens Ande hadde vike frå Saul, kom det ei vond ånd frå Herren yver honom i brårider.
- 15 Tenarane åt Saul sagde med honom: «Sjå, du fær brårider av ei vond ånd frå Gud.
- 16 Herre, seg med tenarane dine som stend framfor deg, at dei leitar upp ein som kann leika på harpa! Når so den vonde åndi frå Gud kjem yver deg, kann han spela; då vil du besna.»
- 17 Saul sagde då med tenarane sine: «Sjå dykk ut for meg ein mann som er god til å spela, og få honom hit til meg!»
- 18 Ein av sveinarne svara: «Eg veit ein son åt Isai i Betlehem som kann spela, ein gjæv gut, våpndjerv, ordhag og fager. Herren er med honom.»
- 19 Saul sende då bod til Isai og bad honom: «Send hit til meg David, son din, han som er med smalen!»
- 20 Isai tok då og klyvja eit asen med mat, ei vinhit og eit kid og sende til Saul med David, son sin.
- 21 So kom David til Saul og vart tenaren hans. Han vart svært glad i honom og gjorde honom til våpnsveinen sin.
- 22 Og Saul sende bod til Isai og bad: «Kjære, lat David stogga hjå meg! for eg hev fenge godvilje for honom.»
- 23 So tidt åndi frå Gud kom yver Saul, so tok David harpa og leika på henne. Då letna det for Saul. Han besna, og den vonde åndi slepte honom.
-
-
World English Bible (web)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)

Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.