-
Jeremiah 17
- 1 Judas synd er skrivi med jarngriffel, med demant-odd; ho er innrita på deira hjartans tavlor og på deira altarhorn,
- 2 likeins som borni deira kjem i hug altari deira og Astarte-bilæti deira attmed dei grøne tre på dei høge haugarne.
- 3 Du fjellet mitt på vollen! Godset ditt, alle skattarne dine vil eg gjeva til herfang, likeins offerhaugarne dine, for synderne innan alle dine landskil.
- 4 Då lyt du - og det er di eigi skuld - lata frå deg odelen din, som eg gav deg, og eg vil lata deg træla for fiendarne dine i eit land du ikkje kjenner. For ein eld hev de kveikt i min vreide, æveleg skal han loga.
- 5 So segjer Herren: Forbanna er den mann som lit på menneskja og gjer kjøt til sin arm og med sitt hjarta vik frå Herren!
- 6 Han skal verta som ein einekrake i heidi og ikkje få sjå at det kjem noko godt; men han skal bu på avsvidne stader i øydemarki, i eit saltlende der ingen annan bur.
- 7 Velsigna er den mann som lit på Herren, og hev Herren å lita på.
- 8 Han er lik eit tre som er planta attmed vatn, og som tøygjer røterne sine burt åt ein bekk, og som ikkje ræddast når hiten kjem, men hev sigrønt lauv, og som i turkår ikkje syrgjer og ikkje held upp med å bera frukt.
- 9 Svikfullt er hjarta framfor alt anna, og låkt, kven kjenner det?
- 10 Eg, Herren, ransakar hjarta og røyner nyro, og gjev so kvar og ein etter hans veg, etter frukti av hans gjerning.
- 11 Lik ei rapphøna som ligg på egg ho ikkje sjølv hev vorpe, er den som samlar rikdom som ikkje er rettkomen; midt i sine dagar skal han lata honom frå seg, og når han ligg på sitt siste, er han ein dåre.
- 12 Eit herlegdomssæte, høgreist frå gamalt, er staden åt heilagdomen vår.
- 13 Herre, du Israels von! Alle som vender seg frå deg, skal verta til skammar. Ja, dei som hev vike frå meg, skal verta skrivne i moldi, for dei hev vendt seg frå Herren, kjelda med det livande vatnet.
- 14 Læk meg, Herre, so vert eg lækt! Frels meg, so vert eg frelst! for du er min lovsong.
- 15 Sjå, dei segjer med meg: «Kvar vart det av Herrens ord? Lat det koma!»
- 16 Eg hev då ikkje drege meg undan, men fylgt deg og vore hyrding, og nokon ubøtande ulukke-dag ynskte eg ikkje, du veit det; det som gjekk ut frå lipporne mine, er synbert for di åsyn.
- 17 Ver ikkje til fælske for meg! Du er mi livd på ulukkedagen.
- 18 Lat deim verta til skammar som forfylgjer meg, og lat ikkje meg verta til skammar! Lat deim fæla, og lat ikkje meg fæla! Lat ein ulukke-dag koma yver deim, og med ei tvifelt sundkrasing krase du deim!
- 19 So sagde Herren med meg: Gakk og statt i Folkeporten, der som Juda-kongarne gjeng inn og der dei gjeng ut, og i alle portarne i Jerusalem!
- 20 Og du skal segja med deim: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar og alt Juda og alle Jerusalems-buar som gjeng inn gjenom desse portarne!
- 21 So segjer Herren: Vara dykk for dykkar sjæler skuld, so de ikkje um kviledagen ber nokor byrd og kjem inn med gjenom Jerusalems-portarne!
- 22 Og de skal ikkje bera nokor byrd ut or husi dykkar på kviledagen og ikkje gjera noko slag arbeid; men de skal halda kviledagen heilag, so som eg baud federne dykkar.
- 23 Men dei høyrde ikkje og lagde ikkje øyra til, men gjorde seg hardnakka, so dei høyrde ikkje og tok ikkje age.
- 24 Men um de høyrer på meg, segjer Herren, so de ikkje um kviledagen ber nokor byrd inn gjenom portarne i denne byen, og held kviledagen heilag, so det ikkje gjer noko arbeid,
- 25 då skal kongar og hovdingar som sit i Davids kongsstol, koma inn gjenom portarne i denne byen på vogner og hestar, dei sjølve og deira hovdingar, Juda-mennerne og Jerusalems-buarne, og det skal æveleg bu folk i denne byen.
- 26 Og frå Juda-byarne og frå umkverven kring Jerusalem og frå Benjaminslandet og frå låglandet og frå heiderne og frå Sudlandet, skal dei koma og bera fram brennoffer og slagtoffer og grjonoffer og røykjelse, og bera fram takkoffer i Herrens hus.
- 27 Men um de ikkje høyrer på meg, so de held kviledagen heilag og ikkje kjem med nokor byrd og ber inn gjenom Jerusalems-portarne på kviledagen, då vil eg kveikja eld på portarne, og han skal øyda slotti i Jerusalem og ikkje slokna.
-
-
World English Bible (web)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)

Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.